Det er slitsomt å vera student, det er jammen sikkert. Men noko som er endå meir slitsomt er å vera student utan internett. For det første er ein langt vekke frå familie og mange vener. Dette gjer at det lett vert mykje mindre kontakt med omverdna. Samstundes så føregår jo alt rundt studie på internett, og det er jammen ikkje lett å halde seg oppdatert på kalendaren kvar dag når ein ikkje kjem seg inn på its'ern.
Så her sit eg då, ein fredags ettermiddag på skulen, stort sett berre for å få min dose med facebook og andre kommunikasjonsmiddel for helga. Og akkurat på denne tida av døgnet er det ikkje særleg stor aktivitet heller. Så då har eg inni mellom riene, kost meg med litt fagstoff om islam. Som forresten ikkje er så gale som ein hadde trudd, men er litt slitsomt likevel.
Det kjem ein lang haust no, og eg held på å gå på veggen utan internett. Men kva kan ein stakkars student gjera når det ikkje er nok kraft i kablane til å gi meg nett i huset mitt. Jo eg kan kjøpa meg mobilt bredbånd til blodpris og kutte ned på maten. Nei, her må det gjerast noko og det fort, få meir kraft i kabelen og gi meg verdsveven attende!
for 3 år siden
