onsdag 19. mai 2010

I disse eksamenstider...

...er det mange å se på facebook.

Må ærleg innrømme at eg sjølv sit på facebook no og då for å sleppa unda både skriving og lesing. Men no har eg sett at leveringsdato på mappa er rett rundt hjørnet, og må rett og slett ta årene fatt skal eg koma meg i mål. Det er sikkert mange der ute som tenkjer det same som meg, at no må eg setja inn støtet og ta eit skikkeleg skippertak om eg skal koma meg i mål før fristen. Det er ikkje berre berre å koma i seg i gong heller. Men kvifor kallar me eigentleg denne siste innspurten for skippertak lurer no eg på. Og som vanleg tek eg meg tid til å ta ein liten pause i all den andre skrivinga å søke dette opp på nettet.

Då får eg at skippertak er eit plutseleg men kortvarig krafttak. Ordet kjem frå sjømannstida, der mannskapet eigentleg hadde lite å gjera bortsett frå i den korte perioden dei skulle inn eller ut av ei hamn. Då måtte alle ta i eit tak, ja til og med skipperen. Så eigentleg kan ein trekka det til at, no i eksamenstida skal me på ein måte inn i ei hamn, og då må til og med studentane og elevane ta i eit tak. For å setja da litt på spissen.

Men det er jo mykje positivt med eksamenstida og, aldr får eg gjort so mykje husvask, klesvask, baking og trening som i akkurat denne perioden. Det er jo alltid noko som må gjerast, og for min del er det stort sett det meste bortsett frå kanskje det eg burde jobba med mest. Men no byrjar datoane å nærma seg med stormskritt, so det er ikkje anna å gjera enn å ta skrivebuksa på å setja i gong.

God siste innspurt til alle saman, og ha ta godt vare på dagane. Dei flyr fort, og det går nok bra til slutt.

tirsdag 23. mars 2010

Ord er merkelege greier

Vel bekomme/ Velbekomme trur eg må vera eit av dei merklegaste uttrykka me har i norsk språk. Kva betyr det eigentleg og kvifor kan ein seie det både før etter ein et. og kvifor i samanheng med mat? Etter min logiske tenking må det ha noko med å bekomme, som stammar frå tysk, men å bekomme etter mat. Syns eg høyrest merkeleg ut.

No har eg då studert litt rundt og funne ut litt av kvart, og mine tankar var i nokon grad rett. Grunnstammen til ordet kjem frå det tyske verbet bekommen, som tyder å komme til noko, altså ønskje å kome i ein viss tilstand. På norsk tyder ordet bekomme, at det behagar, fell i smak. Derfor kan ein altså det både før og etter maten, dersom ein seier det før så tyder det at ein håpar maten fell i smak. Om ein seier det etter ein har ete mat, tyder det at ein tykkjer maten fall i smak og at den behaga. At ein oppnådde det ein ønskte med maten.

Merklege ord finn ein over alt, og eg må berre sei at det er kjempe morro å "forske" på ord.

søndag 7. mars 2010

Vaskedag...

Då må eg heilt ærleg innrømma at det bynda å verte ei stund sia sist eg skreiv, men det e rett og slett fordi dei siste månadane berre har susa forbi. Revy, praksis og feriar om kvarandre gjer at ein ikkje alltid rekk å tenke på alt det andre ein eigentleg skulle gjort. Slik som mellom anna lesing.

I dag er det altså den store vaske huset dagen, og eg må rett og slett bite i det sure eple og ta vaskefilla fatt. Det er litt merkeleg i grunn at ein alltid skal samle opp før ein set inn støtet i slutten av vaskeveka og tek alt på ein gong. Kvar gong tenkjer eg at neste gong skal eg ta litt undervegs, men skjer det? ikkje ein einaste gong!

Vasking og skule går liksom litt under same tak, dei er begge heilt ok å gjere når ein først kjem i gong. Men det tek jo pokker så lang tid å få fingen ut av jorda og gjera noko i det heile. Kvifor er det no eigentleg slik tenker eg?

Mogleg at ein gløymer frå gong til gong kor deilig det eigentleg er når alt er reint, eller når ein møter opp på skulen og faktisk veit kva læraren står å snakkar om. Alt det slitet i førevegen gjer at ein gløymer den behaglege kjensla kanskje? Ikkje veit eg... Men no skal eg altså ta fram Jif-moppen å moppe golvet. So hoppsann og opp av sofaen med meg.!

fredag 4. desember 2009

Jula varer heilt til påske!

Om det er heilt sant at jula varer heilt til påske er eg usikker på, men ein ting er sikkert jula starte allereie i oktober. Då kjem marsipan og julekalendarar i butikken. Julepynten i gågata vert hengt opp og butikkane startar å ta inn julekolleksjonen sin. Eg for min del har klart meg utan å sprekka på noko julegreier før 1. desember, og e stolt av det!

No er endeleg desember komen, og i det her kommer vinteren joma ut i stuggulokalet kom snøen og. Betre kunne eg ikkje fått da, men plutseleg kom kvardagen og tanken på at det snart e ein ny eksamen ramla inn i hovudet på meg. Norsk ja, hmmm, berre rundt 1500 sider som skal lesast. Det må no gå bra på nokon få dagar vel, tenkte eg for meg sjølv før eg innsåg at det var julebord omlag anna kvar dag den eine veka, eg måtte handle alle julegåvene og lage dei som skal lagast og pakke og vaske kle og rydde rommet og så klart var det mi vaskeveke på resten av leiligheita og so då var plutseleg heile den første veka borte.

Men jula er ikkje berre stress og eksamen. Den er ei tid med ferie der ein får vera med dei ein bryr seg om, eg for min del reiser heim til familien og skal kose meg der heime. Jula handlar om å dele gleder, og gjera andre glade. Viss alle tenkjer slik slepp ein å tenkja på seg sjølv akkurat denne tida, alle andre er der for å passe på akkurat deg om du gjer det same til dine.

Den materielle tida er på full fart inn over oss, får ein ikkje store nok pakkar til jul er det flaut å gå på skulen. Slik skal det ikkje vera, jula handlar om kva ein gjer og ikkje kva ein får. For meg er jula meir enn god nok berre eg får vera med familien min, spela brettspel, sigla på kjelke, stå skibakken, laga kakao og eta julekaker. Pakkar er ikkje det som betyr mest, men kven du er saman med det er det som skal bety noko.

Dersom du hugsar dette skal eg lova deg at du får ei fantastisk jul som du aldri vil gløyme. Ha ei fin førjulstid og kos deg i romjula. Og til alle studenta lykke til på eksamen :)

onsdag 18. november 2009

Å reise i tid!


Har i det siste tenkt ein del, noko som ofte føre til at eg kjem på ting som kanskje ikkje alle andre har tenkt på før. Men som ein øveraskelse til alle so ha eg faktisk funne ut at det går an, Ja følg med no folkens; Å reise i tid!

Du seier til deg sjølv, at no har ho mista grepet. Men neidå, det er ikkje berre eksamensstresset som snakker. Her er det faktisk gjort djupe tankar rundt temaet. Og eg er komen fram til at det går faktisk an!

Har i det site snakka mykje med mi kjære veninne i Hong Kong, og det sjokkera meg kvar gong like mykje at der ligg dei nøyaktig 7 timar framføre oss. Det vil sei at når eg står opp om morgonen, så har veninna mi opplevd heile den dagen eg skal til å oppleve. Så når ein reiser ned der, reiser ein eigentleg fram i tid. Ein mistar nokon timar. Dei berre forsvinn utan at me eigentleg veit kvar dei forsvann. Du tenkjer; men det påverkar jo ikkje livet ditt! Nei, det gjer ikkje det, men når du reiser attende heim, får du oppleve dei same timane som du allereie har opplevd tidlegare. og då endrar du faktisk framtida di.

Det same har slege meg med at om du reiser til USA så må du stille klokka bak over. Dette gjer at du faktisk reiser bakover i tid. Og du får oppleve dei same timane ein gong til og sjansen til å gjere dei litt ulikt enn kva du gjorde det sist.

Dette fenomenet tykkjer eg er heilt utruleg spennande. Tenk at ein indirekte kan reise i tid, utan at det påverkar for mykje, men likevel har du moglegheit til å påverke korleis resten av livet ditt skal bli og korleis livet ditt har vore. Fasinerande?! Det tykkjer eg vertfall:D

mandag 16. november 2009

1-2-3-4 ...!

Ingenting er som å vera på konsert med eit band som du berre tykkjer er heilt fantastisk! I helga var det min tur. Lykkeleg som eg var over å ha fått ein billett med mitt namn på, gjekk eg stolt mot samfundet for å nyte opplevinga! Katzenjammer stod på plakaten, og ingenting kunne øydelegge stemninga eg var i. Musikken spreia seg i rommet, og pang! der kom dei på scenen! Songane kom på rams, og eg song ivrig med på alle songane. Etter konserten fekk eg mitt livs sjokk, plutseleg stod dei rett framfor meg! Plutseleg vart eg ei lita jente igjen, som akkurat hadde truffe idola sine.

Eg strekte fram armane, og bad fint om å få signaturane deiras. Eller ordrett sa eg vel i grunn: Kan d signere meg?! Aldri har eg vore så fornøgd med meg sjølv! Tilslutt fekk eg meg jammen ein plakat av dei med signaturar til heile Katzenjammer! Den har no fått heidersplassen over senga!

Det merkelege er korleis ein forandrar seg når ein møter nokon ein verkeleg ser opp til. At ein skal gå frå å vera fornuftig og tenkje at det er teit å spørre om autograf, til å springe rundt om ein tulling og gi teite kommentarar til dei du tykkjer om..! Har du nokon gong tenkt øve dette!?

Gode minner vert bringa fram gjennom god musikk!

"Musikk gir deg noe, helt sikkert" -Ukjendt-

onsdag 11. november 2009

Eit yrke som spreier glede <3


Det må heilt ærleg seiast at å vera lærar er eit svært tungt yrke. Det er mykje papirarbeid, og det er svært mykje planlegging og nøye gjennomtenking som skal til før ein klarar å gjennomføra eit godt opplegg. Men i dag har eg faktisk klart det store. Eg fekk til eit omlag heilt perfekt opplegg i matematikk, og det ute. HEr fekk me inn eit eventyr om kong Grønn frå Gulland som det hadde skjedd noko frykteleg med. Trollet hadde teke prinsessa, og gjømt ho i ein kasse. Det vart no opp til elevane å hjelpa kongen gjennom hindera som kongen hadde lagt ut. Elevane var super engasjerte, og eg har aldri sett dei så livlige i heile perioden me har vore der.

Elevane smilte og var med på alt, me sprang rundt ute i skulegarden og dei var heilt ekstreme. Ropte i munnen på kvarandre, men likevelsamarbeida dei så godt at dei karlte alle oppgåvene. Og det i fellesskap. Elevane var overlukkelege og då vert eg som lærar det og. Å ha det så bra i lag og arbeide som eit team med ein gjeng 1 klassingar er heilt fantastisk. og ein blir gira sjølv, og kan ikkje gjera anna enn å smila.

Seianare på dagen i dag fekk eg ha kor med elevane. Å ha meir enn 50 6.åringar sitjande med gigantauger å berre vente på kva du skal seia. Er ei skummel kjensle, men likevel, når me set igang med sangen, og ansikta lyser opp. Det er ingenting som sler den kjensla. Elevane song med og var like ivrige som me som hadde koret. Det var latter og sang, ja rett og slett slik eit kor skal vera. Som lærar får ein så mykje av elevane sine og det er vitkig å ta vare på desse augneblikka når ein møter dei tunge dagane. Og dagen i dag er ein slik dag ein må ta vare på og leggje nære hjarta. Slik at ein alltid kan ta den fram når dei tunge tidene kjem over ein. For det vil dei, men kos deg når dei gode stundene kjem. Det er viktig!
Lukke til i ditt eige yrke, same kva du gjer. Kos deg!