I dag har eg hatt ein heilt ekstrem dag, rett og slett. men alt starta i grunn i går då eg skjekka at bussen frå sogndal til skei gjekk som vanleg, og etter mi forståing av ruta gjorde den det.
Så i dag sto eg altså opp kl. 12.00 og starta med ekstrem pakking, so tok eg ein tur på butikken, åt frukost og blei sittande på nettet å surre ei tid. Plutselig va klokka kvart over 1 og eg starta med resten av stresspakkinga. 13.45 var eg komen i saften for å starte øvinga til Korps i 100 konserten.
16.15 bar det heim å hente bagasjen, lage niste og elles småting so eg va heilt klar til å fly frå konserten inn til sogndal. Konserten starta 1800 og ting gjekk i grunn veldig bra. klokka nærma seg no halv 8 og eg skulle suse inn til sogndal, men som vanli skulle eg berre nett vera med på siste nummeret, og fekk pressa det inn i tidsprogrammet. Så sprang eg frå applaus, talar og blomar for å køyre inn til sogndal.
Kom til sogndal, tok alle ting ut av bilen, sjekka tusen gonger att lommeboka var i veska. Gjorde som pappa sa og la nøkkelen inni bilen og så låste eg alle dørene. Bar tingene mine bort til busstoppen. Klokka vart drastisk 20.20 og 20.25, og ingen buss kom, Stressa som eg blir når eg ska reise spurte eg ein sjåfør om bussen til skei var sein, og han sa: Nei her går det ingen buss til skei før 22.00, i sjokk spurte eg, tulle du no. Korleis ska eg då kome meg til trondheim.
Enden på visa er at eg no sit i sofaen min etter skamfulle 25 minutta ventetid utanfor ein låst bil på sogndal rutebilstasjon. Måtte i min fortvilelse ringe heim og spørje om nokon kunne kome innover med reserve nøkkelen til bilen som hang i gangen. So no kjem eg meg ikkje til trondheim før i morgon, og eg skal starte første time på Utleira kl. 08.00 måndag morgon. Dette kan bli ein særs spennande start på praksisveka.
Som sagt, detta e då ting berre Eg kan få til! og anbefale ingen andre å prøva det ut! Sjekk alltid bussrute, ikkje rekn med at dei går som dei pleie!
for 3 år siden
