onsdag 18. november 2009

Å reise i tid!


Har i det siste tenkt ein del, noko som ofte føre til at eg kjem på ting som kanskje ikkje alle andre har tenkt på før. Men som ein øveraskelse til alle so ha eg faktisk funne ut at det går an, Ja følg med no folkens; Å reise i tid!

Du seier til deg sjølv, at no har ho mista grepet. Men neidå, det er ikkje berre eksamensstresset som snakker. Her er det faktisk gjort djupe tankar rundt temaet. Og eg er komen fram til at det går faktisk an!

Har i det site snakka mykje med mi kjære veninne i Hong Kong, og det sjokkera meg kvar gong like mykje at der ligg dei nøyaktig 7 timar framføre oss. Det vil sei at når eg står opp om morgonen, så har veninna mi opplevd heile den dagen eg skal til å oppleve. Så når ein reiser ned der, reiser ein eigentleg fram i tid. Ein mistar nokon timar. Dei berre forsvinn utan at me eigentleg veit kvar dei forsvann. Du tenkjer; men det påverkar jo ikkje livet ditt! Nei, det gjer ikkje det, men når du reiser attende heim, får du oppleve dei same timane som du allereie har opplevd tidlegare. og då endrar du faktisk framtida di.

Det same har slege meg med at om du reiser til USA så må du stille klokka bak over. Dette gjer at du faktisk reiser bakover i tid. Og du får oppleve dei same timane ein gong til og sjansen til å gjere dei litt ulikt enn kva du gjorde det sist.

Dette fenomenet tykkjer eg er heilt utruleg spennande. Tenk at ein indirekte kan reise i tid, utan at det påverkar for mykje, men likevel har du moglegheit til å påverke korleis resten av livet ditt skal bli og korleis livet ditt har vore. Fasinerande?! Det tykkjer eg vertfall:D

mandag 16. november 2009

1-2-3-4 ...!

Ingenting er som å vera på konsert med eit band som du berre tykkjer er heilt fantastisk! I helga var det min tur. Lykkeleg som eg var over å ha fått ein billett med mitt namn på, gjekk eg stolt mot samfundet for å nyte opplevinga! Katzenjammer stod på plakaten, og ingenting kunne øydelegge stemninga eg var i. Musikken spreia seg i rommet, og pang! der kom dei på scenen! Songane kom på rams, og eg song ivrig med på alle songane. Etter konserten fekk eg mitt livs sjokk, plutseleg stod dei rett framfor meg! Plutseleg vart eg ei lita jente igjen, som akkurat hadde truffe idola sine.

Eg strekte fram armane, og bad fint om å få signaturane deiras. Eller ordrett sa eg vel i grunn: Kan d signere meg?! Aldri har eg vore så fornøgd med meg sjølv! Tilslutt fekk eg meg jammen ein plakat av dei med signaturar til heile Katzenjammer! Den har no fått heidersplassen over senga!

Det merkelege er korleis ein forandrar seg når ein møter nokon ein verkeleg ser opp til. At ein skal gå frå å vera fornuftig og tenkje at det er teit å spørre om autograf, til å springe rundt om ein tulling og gi teite kommentarar til dei du tykkjer om..! Har du nokon gong tenkt øve dette!?

Gode minner vert bringa fram gjennom god musikk!

"Musikk gir deg noe, helt sikkert" -Ukjendt-

onsdag 11. november 2009

Eit yrke som spreier glede <3


Det må heilt ærleg seiast at å vera lærar er eit svært tungt yrke. Det er mykje papirarbeid, og det er svært mykje planlegging og nøye gjennomtenking som skal til før ein klarar å gjennomføra eit godt opplegg. Men i dag har eg faktisk klart det store. Eg fekk til eit omlag heilt perfekt opplegg i matematikk, og det ute. HEr fekk me inn eit eventyr om kong Grønn frå Gulland som det hadde skjedd noko frykteleg med. Trollet hadde teke prinsessa, og gjømt ho i ein kasse. Det vart no opp til elevane å hjelpa kongen gjennom hindera som kongen hadde lagt ut. Elevane var super engasjerte, og eg har aldri sett dei så livlige i heile perioden me har vore der.

Elevane smilte og var med på alt, me sprang rundt ute i skulegarden og dei var heilt ekstreme. Ropte i munnen på kvarandre, men likevelsamarbeida dei så godt at dei karlte alle oppgåvene. Og det i fellesskap. Elevane var overlukkelege og då vert eg som lærar det og. Å ha det så bra i lag og arbeide som eit team med ein gjeng 1 klassingar er heilt fantastisk. og ein blir gira sjølv, og kan ikkje gjera anna enn å smila.

Seianare på dagen i dag fekk eg ha kor med elevane. Å ha meir enn 50 6.åringar sitjande med gigantauger å berre vente på kva du skal seia. Er ei skummel kjensle, men likevel, når me set igang med sangen, og ansikta lyser opp. Det er ingenting som sler den kjensla. Elevane song med og var like ivrige som me som hadde koret. Det var latter og sang, ja rett og slett slik eit kor skal vera. Som lærar får ein så mykje av elevane sine og det er vitkig å ta vare på desse augneblikka når ein møter dei tunge dagane. Og dagen i dag er ein slik dag ein må ta vare på og leggje nære hjarta. Slik at ein alltid kan ta den fram når dei tunge tidene kjem over ein. For det vil dei, men kos deg når dei gode stundene kjem. Det er viktig!
Lukke til i ditt eige yrke, same kva du gjer. Kos deg!

lørdag 7. november 2009

Eksamenstid


Eller som eg ville sagt mangel på motivasjonstid! Då er me komne inn i den verste og tyngste tida på året. Og nei eg tenkjer ikkje på vintertida, men eksamenstida! Det er lesing i bøtter og spann og mappeeksamnar som skal skrivast side opp og side ned! Fy for noko studenthumørdrepande tider... Her prøver me som studentar best mogleg å leva eit liv på dei skarve kronene ein sit att med etter at husleige, straum og internett er betalt. Me skal vera positivet til livet me har, vera sosiale, ha litt nye kle innimellom, og ikkje minst joda me skal handle julegåver..! og poff, det e 20. og du har ikkje att noko av stipendet. Kva gjer ein då? Mitt beste råd er å sjekke frysen, det er alltid noko spennande ned i der, og kanskje til og med middagar i nokon veker fram øve.

Men det eg eigentleg sku skriva om va alt som blir lagt på våre skuldre, og då tenkjer eg eigentleg av oss sjølve. Eg for min del har store forventingar til kva eg skal prestera, og syns derfor det er skummelt at det er 3 veker att til eg skal levera 4 oppgåver på totalt 40 sider! og berre 14 dagar etter det har eg norsk eksamen som eg ikkje har lest eit einaste ord til, før all tid går med på å få skrive dei tekstane som eg eigentleg ikkje har noko behov for å skriva. Som komande lærar so ser eg derfor ikkje noke poeng i å skriva ein slik eksamen, når einaste grunnen til at me har desse eksamnane er for å tilfredstilla dei lærarane som står øve deg og seier dette fiksar du. Så lenge du veit kva du skal skriva og har eit ønskje om å skriva det. Men eg VEIT ikkje kva eg ska skriva og eg har vertfall ikkje noko anna ØNSKJE enn å stå!

Dette vart eit surt og grettent innlegg, men som sagt denne tida drep all glede i mitt sinn! Derfor er det så bra å ta seg kveldar der ein nektar å gjera noko. Det har eg hatt i dag, og vil anbefale dette til alle som slit med motivasjonen! forhåpentleg vis vaknar eg opp som ei motivert Andrea i måro, slik at eg kan få meir enn 4 sider til oppgåvene mine og kanskje då eit smil rundt munnen igjen! HA ei alle tiders eksamenstid alle mine medstudentar!