Å køyre med nattbuss er ingen spøk,
ein sit og tutar nett som ein gjøk.
Somme masar, medan andre luktar løk.
Det vert gjort store søk,
både etter puter, pledd og anna nøk!
Nei som sagt, å køyre nattbuss er ingen spøk!
Når ein sit på nattbussen og ikkje får sova er det mykje som fell inn i hovudet på ei stakkar studentinne! Men sant skal seiast, det er ikkje alle som klarar å syne respekt for andre mennekser. Det er sikkert og visst. Og her kjem fleire hendingar som skjedde på bussen i natt.
Det kom ombord ei dame med fire born. For det første skulel to av dei ha barnesete og begge måtte sittja ved vindauga. Dette gjekk mora inn på bussen for å ornde, ved att ho sneik i køen og tok alle dobbeltseta som var ledige. Men nok var ikkje det! Framfor dei to dobbeltseta mora hadde fått tak i satt ei gamal dame med mykje bagasje ved siadan av seg. Denne dama ber mora flytte seg fordi dei to små jentene (les: 12åringar) måtte få sitja saman og fremst i bussen. Den stakkars dama spurte pent om det var fleire ledige dobbeltseter, og til svar fekk ho att nei det var det ikkje, men ho hadde kanskje moglegheit til å sitja saman med nokon andre. Eg som har høyrt om folkeskikk var heilt sjokkert. Det var plass til att desse to jentene kunne sitje vedsidan av dei to andre borna med barnesete og att mora kunne setje seg vedsidan av dama ho flytta rundt. Sjokka! folkeskikk og hensyn, nei det har vi ikkje høyrt om. Men her enda ikkje historia. Masing om pledd og puter i alle baner, er sikker på det var like før det vart starta å ta frå andre passasjerar. Nei fy. Lite søvn har eg hatt i natt!
Ei anna hending var ei eldre dame som satt framfor meg. Ho hadde med seg potteplanta so på bussen, festa ho med sikkerhetssele og var godt nøgd med å få ha med seg denne. I mitt hovud starta då sangen til postgirobygget sin song om potteplanten Lotte, og eg kosa meg med litt flir og syn av denne flotte potteplanta!
Som om ikkje dette var nok, så forsvant halve sete mitt til nokon andre. Og det blei ikkje mykje plass til meg å sove på.
Kva som ikkje bør vera på nattbussen:
Overmodne bananer - dei luktar skikkeleg vondt!
Potteplanter - dei tar opp eit sete --> men litt morsomt da!
Bråkete born, og endå verre ei overoppgira mor som spring rundt og bråkar
Løknett - ja det var nokon som hadde det
Røyklukt - går vel an å ikkje røyke akkurat når ein skal setje seg på nattbussen vel?
Godteri som bråker - knitrelydar er ekstremt plagsomt når ein er grinete og vil sove!
Nei folkens, Nattbuss er ingen spøk!!
for 3 år siden

studentinne, eller studine som det er pop å forkorte det til:P
SvarSletthehe.. morsomt likevel;P
SvarSlett