Vel bekomme/ Velbekomme trur eg må vera eit av dei merklegaste uttrykka me har i norsk språk. Kva betyr det eigentleg og kvifor kan ein seie det både før etter ein et. og kvifor i samanheng med mat? Etter min logiske tenking må det ha noko med å bekomme, som stammar frå tysk, men å bekomme etter mat. Syns eg høyrest merkeleg ut.
No har eg då studert litt rundt og funne ut litt av kvart, og mine tankar var i nokon grad rett. Grunnstammen til ordet kjem frå det tyske verbet bekommen, som tyder å komme til noko, altså ønskje å kome i ein viss tilstand. På norsk tyder ordet bekomme, at det behagar, fell i smak. Derfor kan ein altså det både før og etter maten, dersom ein seier det før så tyder det at ein håpar maten fell i smak. Om ein seier det etter ein har ete mat, tyder det at ein tykkjer maten fall i smak og at den behaga. At ein oppnådde det ein ønskte med maten.
Merklege ord finn ein over alt, og eg må berre sei at det er kjempe morro å "forske" på ord.

