søndag 7. mars 2010

Vaskedag...

Då må eg heilt ærleg innrømma at det bynda å verte ei stund sia sist eg skreiv, men det e rett og slett fordi dei siste månadane berre har susa forbi. Revy, praksis og feriar om kvarandre gjer at ein ikkje alltid rekk å tenke på alt det andre ein eigentleg skulle gjort. Slik som mellom anna lesing.

I dag er det altså den store vaske huset dagen, og eg må rett og slett bite i det sure eple og ta vaskefilla fatt. Det er litt merkeleg i grunn at ein alltid skal samle opp før ein set inn støtet i slutten av vaskeveka og tek alt på ein gong. Kvar gong tenkjer eg at neste gong skal eg ta litt undervegs, men skjer det? ikkje ein einaste gong!

Vasking og skule går liksom litt under same tak, dei er begge heilt ok å gjere når ein først kjem i gong. Men det tek jo pokker så lang tid å få fingen ut av jorda og gjera noko i det heile. Kvifor er det no eigentleg slik tenker eg?

Mogleg at ein gløymer frå gong til gong kor deilig det eigentleg er når alt er reint, eller når ein møter opp på skulen og faktisk veit kva læraren står å snakkar om. Alt det slitet i førevegen gjer at ein gløymer den behaglege kjensla kanskje? Ikkje veit eg... Men no skal eg altså ta fram Jif-moppen å moppe golvet. So hoppsann og opp av sofaen med meg.!

1 kommentar:

  1. Hvor har det blitt av folkehøgskolementaliteten med rom- og husvask en gang i uka? tror min ble igjen på nofo på fjorårsfesten, for fram til det var jeg veldig flink...

    SvarSlett