Om det er heilt sant at jula varer heilt til påske er eg usikker på, men ein ting er sikkert jula starte allereie i oktober. Då kjem marsipan og julekalendarar i butikken. Julepynten i gågata vert hengt opp og butikkane startar å ta inn julekolleksjonen sin. Eg for min del har klart meg utan å sprekka på noko julegreier før 1. desember, og e stolt av det!
No er endeleg desember komen, og i det her kommer vinteren joma ut i stuggulokalet kom snøen og. Betre kunne eg ikkje fått da, men plutseleg kom kvardagen og tanken på at det snart e ein ny eksamen ramla inn i hovudet på meg. Norsk ja, hmmm, berre rundt 1500 sider som skal lesast. Det må no gå bra på nokon få dagar vel, tenkte eg for meg sjølv før eg innsåg at det var julebord omlag anna kvar dag den eine veka, eg måtte handle alle julegåvene og lage dei som skal lagast og pakke og vaske kle og rydde rommet og så klart var det mi vaskeveke på resten av leiligheita og so då var plutseleg heile den første veka borte.
Men jula er ikkje berre stress og eksamen. Den er ei tid med ferie der ein får vera med dei ein bryr seg om, eg for min del reiser heim til familien og skal kose meg der heime. Jula handlar om å dele gleder, og gjera andre glade. Viss alle tenkjer slik slepp ein å tenkja på seg sjølv akkurat denne tida, alle andre er der for å passe på akkurat deg om du gjer det same til dine.
Den materielle tida er på full fart inn over oss, får ein ikkje store nok pakkar til jul er det flaut å gå på skulen. Slik skal det ikkje vera, jula handlar om kva ein gjer og ikkje kva ein får. For meg er jula meir enn god nok berre eg får vera med familien min, spela brettspel, sigla på kjelke, stå skibakken, laga kakao og eta julekaker. Pakkar er ikkje det som betyr mest, men kven du er saman med det er det som skal bety noko.
Dersom du hugsar dette skal eg lova deg at du får ei fantastisk jul som du aldri vil gløyme. Ha ei fin førjulstid og kos deg i romjula. Og til alle studenta lykke til på eksamen :)
for 3 år siden

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar