søndag 31. mai 2009

Sol, lesing, brunfarge og ikkje minst bursdag

Laurdag var den store dagen som skulle feirast! Alle som kunne og hadde tid i dan flotta slekti mi samlast til storkalas i skyttarhuset pao kleppa. Som forresten var ei kjempe flott hytte og som ikkje minst baud pao leirdueskyting.

Sant skal seiast att å skyta pao dessa leirduene var jammen ikkje lett, og eg havna i 0-treffsklassen og fekk ei vin i trøstepremie. Men eg skøyt no, og har faktisk ikkje so vondt attmed skuldri i dag. Flotters seie berre eg, og morro va da og!

Etter skyting sto mat pao menyen; fiskesuppe og gryterett i lange baner! med god drikke og mette blei me nok alle!

Bursdag e morro, og festen blei kjempe morosam:)

HAr hatt ei flott tid heime, soli e komen og eg ha fått brunfargen min! tjohoi!! men no e da snart avreise her so jepp.. tudelidu

søndag 24. mai 2009

Tjohoj

I dag er søndag, og i morgon er mandag og då er det faktisk ped-muntleg eksamen...Men no e eg faktisk ferdig med alt som heite lesing, har lagt det opp og det får bære eller riste i morgon.

Men kvifor er det slik at eksamen skal vera så seint på ettermiddagen, starte j oikkej før halv 5 igrunn. Og korleis kan det ha seg at rom alltid blir så rotete når ein eigentleg skal pakke?!

Sist men ikkje minst, skal eg frå og med i dag ta motsatt av det eg først tenke når eg skal trekke..! :)

Og Absolutt heilt til slutt, har eg no fått meg leiligheit med Anita, Nina og Siv. So det vert ein lys haust i sikte:D

onsdag 20. mai 2009

hmm.. lurt?! Nei..!

I går gjorde eg noko som ikkje var lurt i det heile.. Eg gikk på platekompaniet og kjøpte meg første sesong av One Tree Hill, noko som vidare første til at eg blei sittande å sjå på det til langt utpå natta, og at eg blir sittande å tenke på det når eg eigentleg skal lesa til eksamen. So frå og med i dag av skal eg bruke detta som belønning. Etter eg har lest så og så masse skal eg få sjå ein episode. Og det må skje etter halv 9. det er reglane for mitt nye liv!

I dag, til min store skrekk gikk det opp for meg at eg har eksamen på mandag, og berre ei veke og to daga etterpå skal eg ha eksamen i matematikk, som eg ikkje forstår nokonting av! har rekna og rekna på dei teite didaktiske oppgavene og det blei berre styr det! Så her sitte eg, dom som eit brød, og forstår ikkje 5.trinnsmatematikk ein gong.. Trist syns eg det e! Derfor skal det bli så godt å komme heim til dei heime å lese og skrive. Men det som skrekke(hmm.. detta va eit rart ord?) meg enda meir er at berre 4 dagar etter matematikkeksamen skal det inn ei norskmappe med tre fagteksta, der eg har skrive 3 sider på den eine hittil. *sukk*

Mai er ein hard månad i ein students liv!

På toppen av alt ser eg etter Hus... men mister motet gjer eg ikkje. for det er alltid lys i tunnelen! og i år som alle andre år når ting ser tungt ut skal eg koma meg gjennom det med livet og humøret i behold..! det blir ein flott sommar og resten av året her oppe blir like flott..

TJOHOI!!! er mitt nye ord:)

søndag 17. mai 2009

17. mai og gratulera med dagen godtfolk:D

Då var nasjonaldage over før i år! Her i Trondheim har det vore sol og fint vér heile dagen, og det har vore den finaste 17. mai vekke frao alle tradisjonane heima på leikanger. No skal da og seiast att da ha vore den første...!

Her i trondheim kan ein no seia at togene e ganske so mykje lengre enn ke eg ha opplevd før, og da som e litt morro e at på slike daga so kjeme alle slags organisasjonar fram i lyset. I Barnetoget, var det fullt av barn som ropte og veia med flagg. Eit flott syn! Derimot i folketoget, var det fokus på show. Vi hadde Berg foreningen som dreiv å flytta på plasseringen sin, og plutseleg såg du dei passerte for tredje gang. Og vi hadde turnara som hoppa på trampoline, dansarar som viste fram kva dei kunne, korps og song! toppers og flotters!

Vi har og funne ut i dag, att det å ete ute går heilt greit dersom du ete akkurat når borgertoget går, eller når russe toget går. då er folk ute i gatene og du får bord på null , niks:D superduper tips til alle:D

Til sist vil eg berre fort sei Gratulera med dagen alle saman og viss nokon har sett sykkelnøkkelen min må dei sei i frå før eg finn den ikkje att!

torsdag 14. mai 2009

Hus Jakt

Ja, ein skulle ikkje tru det. Men å jakte etter hus trur eg må vera lika slitsomt som å jakta etter elg altså! Og ikkje misnt dyrare!!! Ein ting e sikket, kjekt er det! Så innimellom all lesingen og skrivingen må eg presse tid til litt hussjåing, eller kanskje det vert meir omvendt om eg tenke etter.

No står 17. mai for døra, og det vert første feiring vekke frå tradisjonane på leikanger. Vil bli rart, men må gjera da beste ut av det. Is skal det bli uansett, og ein tur på tivoli om eg finn kvar det skal stå!

onsdag 13. mai 2009

Lange dagar....

I skrivande stund sit eg på skulen og arbeidar med norskmappa mi. Ja du las rett, eg skriv fagtekstar som skal inn i mappa mi. Eller prøver vertfall å skrive, men det går seint. Og mykje er kjekkare enn akkurat dette. Det å sitte på skulen til langt på kveld er svært lite motiverande i grunn, men det er her ein får arbeida i fred, utan alle avbrytelsane frå tv og matlaging. Folk arbeidar ulikt og det bør ein jo eigentleg respektere, men det eg likar ikkje att andre startar å bli klar til å levvere, og eg sit med min første innleiing. SKRIVESPERRE!! veit ikkje ein gong kva eg kan spørja om..

Dersom nokon har gode forslag til problemstillingar i Norsk, om lesedidaktikk så tar eg gjerne i mot folkens;)

Livet er ikkje enkelt, og det må ein berre belage seg på. Men kva kan ein gjera?? Eg trur svaret er å leva livet akkurat slik som Åge seier me skal gjera da!

I dag hr eg igrunn tenkt over ein ting; At eg e forferdelig glad for at grisar ikkje kan fly. Det e faktisk galt nok med måkene som skrik og stuper ned på deg!

søndag 10. mai 2009

Eksamenstid!!

Dao ha innspurten på året dette semesteret starta for fullt. Lesing og skriving til eksamen er i full gang...for dei aller fleste vertfall! Eg kan vel sei det litt fint at eg er vel ikkje kome heilt i gang endå, og går eigentleg berre å utsette det. Kose meg med å trene ute i skogen istadenfør. Men i dag har eg innsett det, nok unnasluntring no. Lesingen og ikkje minst skrivingen av Norskmappa må no starte for fullt, og i måro er den store dagen for dette. Heilt sant!!

Dagen i dag har derfor so smått bestått av litt lesing, og mest rydding og ut i frisk luft på sykkel.

Ein kan for merke at somaren e på full fart inn her i Trondheim. BErre i nabolaget har det for grill fest på grillfest, russen rullar ned nordre på sparkesykkel og grillkvelder med gode venner er ikkje sjeldent lenger. BLomstrane gror og ute lukte det sommar og grønt gras. Einaste som mangle no e ferdig med eksamen og heim til mamma og pappa og alle dei andre som e heima. Blir ein flott sommar der eg skal vera heima å kosa meg med jobb og morro:D