I går gjorde eg noko som ikkje var lurt i det heile.. Eg gikk på platekompaniet og kjøpte meg første sesong av One Tree Hill, noko som vidare første til at eg blei sittande å sjå på det til langt utpå natta, og at eg blir sittande å tenke på det når eg eigentleg skal lesa til eksamen. So frå og med i dag av skal eg bruke detta som belønning. Etter eg har lest så og så masse skal eg få sjå ein episode. Og det må skje etter halv 9. det er reglane for mitt nye liv!
I dag, til min store skrekk gikk det opp for meg at eg har eksamen på mandag, og berre ei veke og to daga etterpå skal eg ha eksamen i matematikk, som eg ikkje forstår nokonting av! har rekna og rekna på dei teite didaktiske oppgavene og det blei berre styr det! Så her sitte eg, dom som eit brød, og forstår ikkje 5.trinnsmatematikk ein gong.. Trist syns eg det e! Derfor skal det bli så godt å komme heim til dei heime å lese og skrive. Men det som skrekke(hmm.. detta va eit rart ord?) meg enda meir er at berre 4 dagar etter matematikkeksamen skal det inn ei norskmappe med tre fagteksta, der eg har skrive 3 sider på den eine hittil. *sukk*
Mai er ein hard månad i ein students liv!
På toppen av alt ser eg etter Hus... men mister motet gjer eg ikkje. for det er alltid lys i tunnelen! og i år som alle andre år når ting ser tungt ut skal eg koma meg gjennom det med livet og humøret i behold..! det blir ein flott sommar og resten av året her oppe blir like flott..
TJOHOI!!! er mitt nye ord:)
for 3 år siden

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar