mandag 30. mars 2009

Dag 4 og 5 i BergenBy

Lørdag var det sol og fint i bergen, då gjekk eg og Kristine på Natlandsfjellet og det var kjempe toppers, etterpå slappa me litt av før me reiste inn til byn og åt litt mat på kafè med Kathrine. Det var superkoslig. So reiste me ein tur for å sjå kvar Kathrine heldt til i byn, der var det koslig og fint. Og dataen hennas bydde på musikk og avslapping før det var ut å treffe fleire gamle kjendte. Etter ein koslig kveld ute, bar det heim for å lage vaffle til nattmat, før senga kalla.

Søndag gjekk med til kafè besøk igjen med Knut, som sikket var ein av mange som ¨hadde glømt å skru klokka fram denna dagen, før han dukka ikkje opp før eg ringte han og sa at no måtte han komma. Etter ein liten skravl med Knut bar det avgårde på Sirkus, noke ein i ein alder av 20 ikkje gjer reint ofte. Men det var kjempe morro, og gler meg allerede til neste gong eg kjem meg på sirkus. Tilbake hjå Kristine laga me kylling og ris og kosa oss litt før eg måtte finne bussen og reise til flyplassen, for no var ferien min øve før denna gongen... Ein tåre måtte fellast for det, men har hatt ei heilt fantastisk tid i Bergen, truffe masse kjekke folk, og berre kost meg. Gleda meg til eg kjem meg dit igjen. :)

Dagens grublis blei noko eg diskuterte med både Kristine og Knut:

Er det meir vatn i agurken enn kva det er i havet?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar