torsdag 26. mars 2009

Dag to i BergenBy

Fekk nysteikte rundtstykker og på dekka bord, for ein bra oppstart på ein fantastisk dag:) Etter litt rydding og avslapping tok vi bussen ned til sentrum. Og bergenbussane e skikkelig skummle, dørene lukka seg jo faktisk før folk hadde kome seg både inn og ut på bussen. Dei lukka seg faktisk når ei barnevogn va på veg inn. kor skummelt e ikkje da??

Byen venta og der va vi innom både her og der, og eg fekk no sett litt på butikkane. MEN ingen shopping i dag, faktisk..! får ta da når dagen imåro kjeme. Så gjekk eg og Kristine på Godt Brød kaféen å kjøpte lys kakao (som smaka som mjelkesjokolade) og brownies med lys sjokolade og flak av nøtter. Det var kjempe supergodt og ein koslig men travel plass, folk strømma inn og ut. Så var det over til litt sjåing i butikkane før me gjekk innom smoothiesshoppingplassen på galleriet og so bussen heim:)

Middagsmenyen va fiskegrateng,potet, gullerot og brokkolig, som noken klarte å overkoka, so dei var berre saft;) komisk men sant:) Uansett middagen var heilt superduper og eg var storfornøgd. Tusen takk kristine før superduper god middag:)

Jentekveld, med ansiktsmaske og StepUp 1 og 2, gulerøter, agurk og druer...rett og slett berre ein fantastisk kveld..:D

Dagens grublis:

ka i all verden e det som gjer atsnøen noken gonga legg seg mens andre gonga berre snør da uten at da syns på bakken...?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar