fredag 4. desember 2009
Jula varer heilt til påske!
No er endeleg desember komen, og i det her kommer vinteren joma ut i stuggulokalet kom snøen og. Betre kunne eg ikkje fått da, men plutseleg kom kvardagen og tanken på at det snart e ein ny eksamen ramla inn i hovudet på meg. Norsk ja, hmmm, berre rundt 1500 sider som skal lesast. Det må no gå bra på nokon få dagar vel, tenkte eg for meg sjølv før eg innsåg at det var julebord omlag anna kvar dag den eine veka, eg måtte handle alle julegåvene og lage dei som skal lagast og pakke og vaske kle og rydde rommet og så klart var det mi vaskeveke på resten av leiligheita og so då var plutseleg heile den første veka borte.
Men jula er ikkje berre stress og eksamen. Den er ei tid med ferie der ein får vera med dei ein bryr seg om, eg for min del reiser heim til familien og skal kose meg der heime. Jula handlar om å dele gleder, og gjera andre glade. Viss alle tenkjer slik slepp ein å tenkja på seg sjølv akkurat denne tida, alle andre er der for å passe på akkurat deg om du gjer det same til dine.
Den materielle tida er på full fart inn over oss, får ein ikkje store nok pakkar til jul er det flaut å gå på skulen. Slik skal det ikkje vera, jula handlar om kva ein gjer og ikkje kva ein får. For meg er jula meir enn god nok berre eg får vera med familien min, spela brettspel, sigla på kjelke, stå skibakken, laga kakao og eta julekaker. Pakkar er ikkje det som betyr mest, men kven du er saman med det er det som skal bety noko.
Dersom du hugsar dette skal eg lova deg at du får ei fantastisk jul som du aldri vil gløyme. Ha ei fin førjulstid og kos deg i romjula. Og til alle studenta lykke til på eksamen :)
onsdag 18. november 2009
Å reise i tid!

mandag 16. november 2009
1-2-3-4 ...!
Eg strekte fram armane, og bad fint om å få signaturane deiras. Eller ordrett sa eg vel i grunn: Kan d signere meg?! Aldri har eg vore så fornøgd med meg sjølv! Tilslutt fekk eg meg jammen ein plakat av dei med signaturar til heile Katzenjammer! Den har no fått heidersplassen over senga!
Det merkelege er korleis ein forandrar seg når ein møter nokon ein verkeleg ser opp til. At ein skal gå frå å vera fornuftig og tenkje at det er teit å spørre om autograf, til å springe rundt om ein tulling og gi teite kommentarar til dei du tykkjer om..! Har du nokon gong tenkt øve dette!?
Gode minner vert bringa fram gjennom god musikk!
"Musikk gir deg noe, helt sikkert" -Ukjendt-
onsdag 11. november 2009
Eit yrke som spreier glede <3
lørdag 7. november 2009
Eksamenstid
Men det eg eigentleg sku skriva om va alt som blir lagt på våre skuldre, og då tenkjer eg eigentleg av oss sjølve. Eg for min del har store forventingar til kva eg skal prestera, og syns derfor det er skummelt at det er 3 veker att til eg skal levera 4 oppgåver på totalt 40 sider! og berre 14 dagar etter det har eg norsk eksamen som eg ikkje har lest eit einaste ord til, før all tid går med på å få skrive dei tekstane som eg eigentleg ikkje har noko behov for å skriva. Som komande lærar so ser eg derfor ikkje noke poeng i å skriva ein slik eksamen, når einaste grunnen til at me har desse eksamnane er for å tilfredstilla dei lærarane som står øve deg og seier dette fiksar du. Så lenge du veit kva du skal skriva og har eit ønskje om å skriva det. Men eg VEIT ikkje kva eg ska skriva og eg har vertfall ikkje noko anna ØNSKJE enn å stå!
Dette vart eit surt og grettent innlegg, men som sagt denne tida drep all glede i mitt sinn! Derfor er det så bra å ta seg kveldar der ein nektar å gjera noko. Det har eg hatt i dag, og vil anbefale dette til alle som slit med motivasjonen! forhåpentleg vis vaknar eg opp som ei motivert Andrea i måro, slik at eg kan få meir enn 4 sider til oppgåvene mine og kanskje då eit smil rundt munnen igjen! HA ei alle tiders eksamenstid alle mine medstudentar!
lørdag 17. oktober 2009
Ting berre Andrea får til!!!
Så i dag sto eg altså opp kl. 12.00 og starta med ekstrem pakking, so tok eg ein tur på butikken, åt frukost og blei sittande på nettet å surre ei tid. Plutselig va klokka kvart over 1 og eg starta med resten av stresspakkinga. 13.45 var eg komen i saften for å starte øvinga til Korps i 100 konserten.
16.15 bar det heim å hente bagasjen, lage niste og elles småting so eg va heilt klar til å fly frå konserten inn til sogndal. Konserten starta 1800 og ting gjekk i grunn veldig bra. klokka nærma seg no halv 8 og eg skulle suse inn til sogndal, men som vanli skulle eg berre nett vera med på siste nummeret, og fekk pressa det inn i tidsprogrammet. Så sprang eg frå applaus, talar og blomar for å køyre inn til sogndal.
Kom til sogndal, tok alle ting ut av bilen, sjekka tusen gonger att lommeboka var i veska. Gjorde som pappa sa og la nøkkelen inni bilen og så låste eg alle dørene. Bar tingene mine bort til busstoppen. Klokka vart drastisk 20.20 og 20.25, og ingen buss kom, Stressa som eg blir når eg ska reise spurte eg ein sjåfør om bussen til skei var sein, og han sa: Nei her går det ingen buss til skei før 22.00, i sjokk spurte eg, tulle du no. Korleis ska eg då kome meg til trondheim.
Enden på visa er at eg no sit i sofaen min etter skamfulle 25 minutta ventetid utanfor ein låst bil på sogndal rutebilstasjon. Måtte i min fortvilelse ringe heim og spørje om nokon kunne kome innover med reserve nøkkelen til bilen som hang i gangen. So no kjem eg meg ikkje til trondheim før i morgon, og eg skal starte første time på Utleira kl. 08.00 måndag morgon. Dette kan bli ein særs spennande start på praksisveka.
Som sagt, detta e då ting berre Eg kan få til! og anbefale ingen andre å prøva det ut! Sjekk alltid bussrute, ikkje rekn med at dei går som dei pleie!
søndag 11. oktober 2009
The day after yesterday
I dag e eg da ganske akkurat 21 år og 1 dag, og aldri før har eg markert dagen min så ekstremt som det blei gjort i går! Sia det vart feira 160årsdag + 1år + 21 år, så totalt so feira me då altså 182årsadag på eikum hotel på hafslo. Sjølv om fokuset kanskje låg meir på dei to beste åttiåringane som fins da! Vår alles kjære besten og besta! Alle mine beste ønskjer til dei!(så, ferdig med det sentimentale).
Det å feire bursdag e noko av det kjekkaste eg veit, og eg håpar og har herved bestemt at eg skal aldri bli for gammal til å markera dagen min med dei eg er mest glad i. Som min kjære onkel sa det så fint i går, "Det e sundt å feire bursdag, for dei som er eldst har feira flest bursdagar!". Total sannheit i det, og med det avsluttar eg eit kort og godt innlegg;)
fredag 11. september 2009
student uten internett
Så her sit eg då, ein fredags ettermiddag på skulen, stort sett berre for å få min dose med facebook og andre kommunikasjonsmiddel for helga. Og akkurat på denne tida av døgnet er det ikkje særleg stor aktivitet heller. Så då har eg inni mellom riene, kost meg med litt fagstoff om islam. Som forresten ikkje er så gale som ein hadde trudd, men er litt slitsomt likevel.
Det kjem ein lang haust no, og eg held på å gå på veggen utan internett. Men kva kan ein stakkars student gjera når det ikkje er nok kraft i kablane til å gi meg nett i huset mitt. Jo eg kan kjøpa meg mobilt bredbånd til blodpris og kutte ned på maten. Nei, her må det gjerast noko og det fort, få meir kraft i kabelen og gi meg verdsveven attende!
tirsdag 1. september 2009
Quak!
Det å vera fadder er kjempe slitsomt, men likevel absolutt kjempe morro og heilt suverent! Ein perfekt måte å treffe nye folk på og få nye venna :D
Har storkosa meg desse vekene og det vil bli stille no når det er over.
Quak skal ha mykje skryt. Dei har faktisk fått endene til å møtes, og gitt verdens beste førsteinntrykk.
onsdag 8. juli 2009
Sommerferie?
I den alderen eg no er i er somarferie sol, varme, jobbing og ikkje minst overtid. Og som jente seie ein jo aldri nei takk til ein liten sommarflørt, men i år ser da dårleg ut. Sofall må det dukke opp nokon inn på slakteriet. Ein skal aldri sei aldri, men nett no e da jobbing og tjening til livets opphald i trondheim som står i hovudet mitt.
Likavel skal eg nyta dei helgefri eg ha, dar det mellom anna er lagt inn ein tur til malakoff på nordfjordeid. Noko som eg anbefala alle til å gjera, sjekk ut:
www.malakoff.no
Men uansett.. kva er eigentleg somarferie i dag?
grilling, bading, soling, fjellgåing, jobbing, soving, og avslapping...
Før ein sommar.
Nyt sommaren, før ein veit ordet av det er den over!
tirsdag 16. juni 2009
Slutt på ferien...
Som vanleg e aktiviteten pao banao stor og dar blir eg å finna frao eg har fri til eg legge meg;)
Har i dag funne heilt sikkert ut at å sitta på buss eller båt eller fly er mykje meir avslappande enn å sitja pao med folk i bil. Då slepp ein å stressa med å halde sjåføren med selskap, i tillegg kan ein sova so mykje ein vil:)
fredag 12. juni 2009
Sommarferie slik heilt på ordentli:)
No er alt flytta til ny bustad, og rommet er klart.. Litt dårlig samvittighet for å forlate dei andre uten at alt var ferdig, men det håper eg går bra. For det er så søte jenter eg skal bu med.. tjoho:D
Ønsker alle på voss cup videre lykke til og håpar på vertfall ein seier:D
onsdag 3. juni 2009
Eksamen
Første mann til studenten som sit med handa i været. Dei kjem vaggande mot deg med papirbunken eller for å følgje deg ut på toalettet. Har i grunn aldri hatt nokon som står å venter på meg utanfor toalettet, for så å geleide meg inn att i eit lokale! Det er morosamt det!
Men men, no var denne eksamenen og overstått og dei eldre fekk seg litt avlastnining i den lange dagen sin, så eg meiner no eg i grunn har gjort ei god gjerning!
mandag 1. juni 2009
Nattbuss!!
Å køyre med nattbuss er ingen spøk,
ein sit og tutar nett som ein gjøk.
Somme masar, medan andre luktar løk.
Det vert gjort store søk,
både etter puter, pledd og anna nøk!
Nei som sagt, å køyre nattbuss er ingen spøk!
Når ein sit på nattbussen og ikkje får sova er det mykje som fell inn i hovudet på ei stakkar studentinne! Men sant skal seiast, det er ikkje alle som klarar å syne respekt for andre mennekser. Det er sikkert og visst. Og her kjem fleire hendingar som skjedde på bussen i natt.
Det kom ombord ei dame med fire born. For det første skulel to av dei ha barnesete og begge måtte sittja ved vindauga. Dette gjekk mora inn på bussen for å ornde, ved att ho sneik i køen og tok alle dobbeltseta som var ledige. Men nok var ikkje det! Framfor dei to dobbeltseta mora hadde fått tak i satt ei gamal dame med mykje bagasje ved siadan av seg. Denne dama ber mora flytte seg fordi dei to små jentene (les: 12åringar) måtte få sitja saman og fremst i bussen. Den stakkars dama spurte pent om det var fleire ledige dobbeltseter, og til svar fekk ho att nei det var det ikkje, men ho hadde kanskje moglegheit til å sitja saman med nokon andre. Eg som har høyrt om folkeskikk var heilt sjokkert. Det var plass til att desse to jentene kunne sitje vedsidan av dei to andre borna med barnesete og att mora kunne setje seg vedsidan av dama ho flytta rundt. Sjokka! folkeskikk og hensyn, nei det har vi ikkje høyrt om. Men her enda ikkje historia. Masing om pledd og puter i alle baner, er sikker på det var like før det vart starta å ta frå andre passasjerar. Nei fy. Lite søvn har eg hatt i natt!
Ei anna hending var ei eldre dame som satt framfor meg. Ho hadde med seg potteplanta so på bussen, festa ho med sikkerhetssele og var godt nøgd med å få ha med seg denne. I mitt hovud starta då sangen til postgirobygget sin song om potteplanten Lotte, og eg kosa meg med litt flir og syn av denne flotte potteplanta!
Som om ikkje dette var nok, så forsvant halve sete mitt til nokon andre. Og det blei ikkje mykje plass til meg å sove på.
Kva som ikkje bør vera på nattbussen:
Overmodne bananer - dei luktar skikkeleg vondt!
Potteplanter - dei tar opp eit sete --> men litt morsomt da!
Bråkete born, og endå verre ei overoppgira mor som spring rundt og bråkar
Løknett - ja det var nokon som hadde det
Røyklukt - går vel an å ikkje røyke akkurat når ein skal setje seg på nattbussen vel?
Godteri som bråker - knitrelydar er ekstremt plagsomt når ein er grinete og vil sove!
Nei folkens, Nattbuss er ingen spøk!!
søndag 31. mai 2009
Sol, lesing, brunfarge og ikkje minst bursdag
Sant skal seiast att å skyta pao dessa leirduene var jammen ikkje lett, og eg havna i 0-treffsklassen og fekk ei vin i trøstepremie. Men eg skøyt no, og har faktisk ikkje so vondt attmed skuldri i dag. Flotters seie berre eg, og morro va da og!
Etter skyting sto mat pao menyen; fiskesuppe og gryterett i lange baner! med god drikke og mette blei me nok alle!
Bursdag e morro, og festen blei kjempe morosam:)
HAr hatt ei flott tid heime, soli e komen og eg ha fått brunfargen min! tjohoi!! men no e da snart avreise her so jepp.. tudelidu
søndag 24. mai 2009
Tjohoj
Men kvifor er det slik at eksamen skal vera så seint på ettermiddagen, starte j oikkej før halv 5 igrunn. Og korleis kan det ha seg at rom alltid blir så rotete når ein eigentleg skal pakke?!
Sist men ikkje minst, skal eg frå og med i dag ta motsatt av det eg først tenke når eg skal trekke..! :)
Og Absolutt heilt til slutt, har eg no fått meg leiligheit med Anita, Nina og Siv. So det vert ein lys haust i sikte:D
onsdag 20. mai 2009
hmm.. lurt?! Nei..!
I dag, til min store skrekk gikk det opp for meg at eg har eksamen på mandag, og berre ei veke og to daga etterpå skal eg ha eksamen i matematikk, som eg ikkje forstår nokonting av! har rekna og rekna på dei teite didaktiske oppgavene og det blei berre styr det! Så her sitte eg, dom som eit brød, og forstår ikkje 5.trinnsmatematikk ein gong.. Trist syns eg det e! Derfor skal det bli så godt å komme heim til dei heime å lese og skrive. Men det som skrekke(hmm.. detta va eit rart ord?) meg enda meir er at berre 4 dagar etter matematikkeksamen skal det inn ei norskmappe med tre fagteksta, der eg har skrive 3 sider på den eine hittil. *sukk*
Mai er ein hard månad i ein students liv!
På toppen av alt ser eg etter Hus... men mister motet gjer eg ikkje. for det er alltid lys i tunnelen! og i år som alle andre år når ting ser tungt ut skal eg koma meg gjennom det med livet og humøret i behold..! det blir ein flott sommar og resten av året her oppe blir like flott..
TJOHOI!!! er mitt nye ord:)
søndag 17. mai 2009
17. mai og gratulera med dagen godtfolk:D
Her i trondheim kan ein no seia at togene e ganske so mykje lengre enn ke eg ha opplevd før, og da som e litt morro e at på slike daga so kjeme alle slags organisasjonar fram i lyset. I Barnetoget, var det fullt av barn som ropte og veia med flagg. Eit flott syn! Derimot i folketoget, var det fokus på show. Vi hadde Berg foreningen som dreiv å flytta på plasseringen sin, og plutseleg såg du dei passerte for tredje gang. Og vi hadde turnara som hoppa på trampoline, dansarar som viste fram kva dei kunne, korps og song! toppers og flotters!
Vi har og funne ut i dag, att det å ete ute går heilt greit dersom du ete akkurat når borgertoget går, eller når russe toget går. då er folk ute i gatene og du får bord på null , niks:D superduper tips til alle:D
Til sist vil eg berre fort sei Gratulera med dagen alle saman og viss nokon har sett sykkelnøkkelen min må dei sei i frå før eg finn den ikkje att!
torsdag 14. mai 2009
Hus Jakt
No står 17. mai for døra, og det vert første feiring vekke frå tradisjonane på leikanger. Vil bli rart, men må gjera da beste ut av det. Is skal det bli uansett, og ein tur på tivoli om eg finn kvar det skal stå!
onsdag 13. mai 2009
Lange dagar....
Dersom nokon har gode forslag til problemstillingar i Norsk, om lesedidaktikk så tar eg gjerne i mot folkens;)
Livet er ikkje enkelt, og det må ein berre belage seg på. Men kva kan ein gjera?? Eg trur svaret er å leva livet akkurat slik som Åge seier me skal gjera da!
I dag hr eg igrunn tenkt over ein ting; At eg e forferdelig glad for at grisar ikkje kan fly. Det e faktisk galt nok med måkene som skrik og stuper ned på deg!
søndag 10. mai 2009
Eksamenstid!!
Dagen i dag har derfor so smått bestått av litt lesing, og mest rydding og ut i frisk luft på sykkel.
Ein kan for merke at somaren e på full fart inn her i Trondheim. BErre i nabolaget har det for grill fest på grillfest, russen rullar ned nordre på sparkesykkel og grillkvelder med gode venner er ikkje sjeldent lenger. BLomstrane gror og ute lukte det sommar og grønt gras. Einaste som mangle no e ferdig med eksamen og heim til mamma og pappa og alle dei andre som e heima. Blir ein flott sommar der eg skal vera heima å kosa meg med jobb og morro:D
søndag 26. april 2009
Våren e på full fart inn no
Men over til våren, i går var det over 20 grader her og eg storkosa meg ute i sola. har blitt litt brendt på ryggen og sommarfargen e på full fart inn i huden. Det e berre supert dupert med sol.
I tillegg vart det grilling i går, kylling og kos, og ikkje minst på kvelden var det ein liten tur på vors med gode venner:D kjempe kveld og eg storkosa meg med Nina og Anita
tirsdag 14. april 2009
t-town i'm back
onsdag 8. april 2009
fruktsalat..!
Men når man e på besøk e da alltid vansklig å vita korleis handklede ein skal bruke til å tørke hendene etter ein har vore på do. So da blir det naturlig å sjekke ut ka folk meine om det...
Korleis handklede skal ein eigentleg nytte når ein har vore på do hjå dei ein er på besøk av?
mandag 6. april 2009
Palmerevyen - "I Desse herlege krisetider"
Eg bøye meg i støvet og seie berre
Godt jobba Folkens!
søndag 5. april 2009
Sinatra - Our Way med NUK
Takk NUK For ei flott oppleving :D
torsdag 2. april 2009
På jakt etter våren
mandag 30. mars 2009
Dag 4 og 5 i BergenBy
Søndag gjekk med til kafè besøk igjen med Knut, som sikket var ein av mange som ¨hadde glømt å skru klokka fram denna dagen, før han dukka ikkje opp før eg ringte han og sa at no måtte han komma. Etter ein liten skravl med Knut bar det avgårde på Sirkus, noke ein i ein alder av 20 ikkje gjer reint ofte. Men det var kjempe morro, og gler meg allerede til neste gong eg kjem meg på sirkus. Tilbake hjå Kristine laga me kylling og ris og kosa oss litt før eg måtte finne bussen og reise til flyplassen, for no var ferien min øve før denna gongen... Ein tåre måtte fellast for det, men har hatt ei heilt fantastisk tid i Bergen, truffe masse kjekke folk, og berre kost meg. Gleda meg til eg kjem meg dit igjen. :)
Dagens grublis blei noko eg diskuterte med både Kristine og Knut:
Er det meir vatn i agurken enn kva det er i havet?
lørdag 28. mars 2009
Day 3 i BergenBy
Etter noken tima var det over til ny kafe og nye folk. no var da Åshild o gEldri som stå på timeplanen, og det gleda eg meg masse til, og det toppa alle forventninga. Har ikkje sett dei på over eit år, so da va kjempe morro:) Vi blei sittande på Godt brød og her hadde dei kjempe god bagett og lys kakao, detta va toppers..! etter litt skravling var det på tide å ta beina på nakken for å nå bussen opp att til Kristine.. det gjekk som smurt og etter ei stund på bussen for det var jo midt i korken so kom eg meg oppatt på natland;P
So var det duka for norske talenter kveld hjå ei som går i klassen til Kristine, det var kjempe koslig. Vi hadde faktisk der ein diksusjon om Domus namnet, og der var ganske morro:)
Dagens grublis blir då sjølvsagt
kva betyr eigenentleg domus namnet. Som altso var det tidligare for coop. og me har jo framleis domuskafeen i sogndal...
torsdag 26. mars 2009
Dag to i BergenBy
Byen venta og der va vi innom både her og der, og eg fekk no sett litt på butikkane. MEN ingen shopping i dag, faktisk..! får ta da når dagen imåro kjeme. Så gjekk eg og Kristine på Godt Brød kaféen å kjøpte lys kakao (som smaka som mjelkesjokolade) og brownies med lys sjokolade og flak av nøtter. Det var kjempe supergodt og ein koslig men travel plass, folk strømma inn og ut. Så var det over til litt sjåing i butikkane før me gjekk innom smoothiesshoppingplassen på galleriet og so bussen heim:)
Middagsmenyen va fiskegrateng,potet, gullerot og brokkolig, som noken klarte å overkoka, so dei var berre saft;) komisk men sant:) Uansett middagen var heilt superduper og eg var storfornøgd. Tusen takk kristine før superduper god middag:)
Jentekveld, med ansiktsmaske og StepUp 1 og 2, gulerøter, agurk og druer...rett og slett berre ein fantastisk kveld..:D
Dagens grublis:
ka i all verden e det som gjer atsnøen noken gonga legg seg mens andre gonga berre snør da uten at da syns på bakken...?
Forsøk på svar på gårsdagens spørsmål/grublis
Eg tenke at kanskje har det noko med luftmotstand å gjera og tettheiten i lufti blir jo tynnare og tynnare til høgare du kjeme opp. Dette må jo virka inn på kor fort flyet flyr. Om ein slår opp på wikepedia om luftmotstand finn ein at når det er mediet er heilt likt vil luftmotstanden vera lik.
Har og funne litt ulikt om korleis lufttettheiten endrar seg, men her står det berre masse formlar som eg syns va litt vanskelige;) men dersom ein ser på lyden istadenfør eit fly, vil lyden gå treigare der det er svært kaldt enn der det er svært varmt. viss eg forstod rett. kanskje dette gjeld fly og gjendstandar og.
Dermed vil flyet som er høgt oppe gå treigare enn kva flyet på bakkenivå ville gjort, fordi det er kaldare til høgare opp ein kjem.
Må sei at dette er berre antagelsar, og har nokon ein betre forklaring er eg open:)
onsdag 25. mars 2009
In Bergen lissom..
Å sitte på ein flyplass betyr mange spennande mennesker rundt seg, det var både vaksne, born og ungdommar. Søtast var ei lita jente med ein youghurt i handa, som aldri slutta å søle den utover og hadde ein ekstrem overbegeistring for fly. Ho lo eg litt av:)
Etter ein times flytur og bagasjehenting og bussventing og busskøyring kom eg endelig til busstoppen der Kristine(mitt søskenbarn) sto, og vi tusla til butikken, tusla til huset og laga mat. No site vi no her med tv'n på, kver sin pc og berre slappe av etter god mat.
No skal eg starte ein ny tradisjon, dagens spørsmål.
I dag på flyet kom dette spørsmålet opp i tankane mine:
Dersom to fly køyrte om kapp på ein heilt øde og slett plass, og det eine flyet var på vanleg flyhøgde, mens det andre var heilt nede ved jorda. Korleis fly ville kome først til mål da??
Klar Ferdig Start...*pang*
hmm.. men dette var jo morro! kommer meir.. woho:)
Om meg
- Andrea
- synge, skravle, le, fjase, søt, tulle, tenke, trene, fotografere, musikkiere, handarbeid, ja, rett og slett mange småord som beskrive meg
Folket
-
for 3 år siden
-
for 6 år siden
-
for 8 år siden
-
for 11 år siden
-
for 13 år siden
-
for 13 år siden
-
for 14 år siden
-
for 14 år siden
-
for 15 år siden
-
for 16 år siden
-
-